mar 282019
 

Edvard Johannes Stangeland har meldt seg ut av Senterpartiet etter 40 år som medlem.

Fyrst fekk han sjetteplassen på lista, deretter vart det reist spørsmål om lovlegheita av avstemminga. På eit ekstraordinært nominasjonsmøte vart Edvard Johannes Stangeland sett ned til tolvteplassen. Som eit svar på dette har han no meldt seg ut av partiet.

Lars Knut Aarland i Senterpartiet forklarar til Marsteinen at tidlegare varaordførar Edvard Johannes Stangeland i utgangspunktet sjølv hadde ytra eit ynskje om å stå på den siste og 21.-plassen på lista deira. Seinare i nominasjonsprosessen vart Stangeland flytta opp til ein tolvteplass.

–  På nominasjonsmøtet måndag vart han flytta opp til sjetteplass, seier Aarland om fyrste del av floken. Det var Hilde Elisabeth Klepsvik som stilte plassen sin til disposisjon for partiveteranen. Etter måndagens møte vart det reaksjonar på handteringa, ettersom det vart bede om skriftleg avstemming, og det ikkje vart gjennomført. Fylkessekretær Eirill Shin Nordvik Indrebø seier ein har plikt på seg for å gjennomføra ein skriftleg avstemming dersom det vert bede om det.

– Me var redde for at me kanskje ikkje ville kunna få lista vår godkjent, og kunne risikera å stå utan, hevdar Aarland. Dermed vart det kalla inn til ekstraordinært nominasjonsmøte tysdag, der fylkessekretæren var med, og ein nøytral person vart nytta som tellekorps. Det vart òg nytta videokonferanse med kandidatane som stod på denne lista.

– Her hamna Stangeland på tolvteplassen, seier Aarland.

Stangeland sjølv meiner at møtet tysdagen fekk form av å vera eit personval for eller i mot hans eiga plassering på sjetteplass. Sju personar skal ha støtta han om sjetteplassen og 13 skal ha stemt i mot.

– Eg vart skuffa over denne behandlinga, og tok avgjerda om å melda meg ut, seier den tidlegare varaordføraren, som opphaveleg var nøgd med å stå langt nede på lista.

Edvard Johannes Stangeland skal ha fått tilbod om å stå fjerdeplassen på Framstegspartiet si liste til valet. Stangeland sjølv stadfestar dette, men poengterer at han har vore Senterparti-mann i 40 år, 30 av dei i kommunestyret, før han melde seg ut onsdagsmorgonen.

Hilde Elisabeth Klepsvik har òg gjeve melding om at ho melder seg ut av partiet etter nominasjonsprossen, som ho meiner har smaka for mykje av personåtak.

– Det er folk som meiner at Edvard Johannes må vika plassen etter det tette samarbeidet han har hatt med Framstegspartiet tidlegare, seier Klepsvik.

Ho er meiner òg at lista frå måndagen skulle ha vore godkjent, og seier ho sjølv gav tilbod om skriftleg avstemming på møtet. Dette skal ha blitt attendevist, i fylgje Klepsvik, då det ikkje vart aktuelt å nytta fullmakter frå medlemmar som ikkje var til stades på møtet denne dagen.

 

Av Trond Hagenes