apr 042019
 

Bt: Jeanette Heggen i AUF er ikkje nøgd med måten Austevoll kommune rekrutterer ungdommar på til det nye rådet.

AUF er glade for at Austevoll kommune endeleg arbeider for å få på plass eit ungdomsråd frå hausten av. Måten dei gjer det på, er dei ikkje like nøgd med. 

– Ungdommane i Austevoll har gått alt for lenge utan ungdomsråd. Me er glade for at kommunen no etablerer det, men me meiner rekrutteringa av ungdommar må skje på ein heilt annan måte, seier Jeanette Heggen i AUF. I kommunestyret 14. juni 2018 vart det vedteke at Austevoll kommune skulle få i gang eit eige ungdomsråd.

– For nokre veker sidan sendte me ein e-post til kommunen der me etterspurte dette rådet, seier Jeanette. Etter det har kommunen på eiga facebookside søkt etter ungdommar mellom 14 og 19 år som får vera med.
– Me er sjølvsagt for at folk som vil skal få sitja i rådet, men me meiner kommunen aktivt må gå ut til skular, idrettslag og kulturskulen, for å rekruttera engasjerte ungdommar, forklarar ho. Jeanette viser til at det tidlegare i for eksempel elevråd har vorte dei som vil ha litt fri frå skulen, ha pizza eller er populær som får sitja i rådet.
– Me ynskjer at ungdommane skal få representera sitt eige felt, til dømes innan idrett og kultur.

Få er på Facebook
Jeanette tvilar på at rekrutteringa til kommunen gjev god effekt.
– På facebook-statusen var det ingen bilete, berre tekst. Ungdommar blar rett forbi slike statusar. Dessutan stod det berre at dei skulle kontakta frivilligkoordinatoren, men ikkje namn. Det er slett ikkje alle som veit kven det er, seier ungdomspolitikaren. Ho håpar at kommunen kan ta andre grep for å finna engasjerte ungdommar.

– Kor mange 14-åringar trur du fylgjer kommunen si facebookside? Eg er og med og driv aktivitetsklubben Juntos, og der ser me at det er på Instagram me når flest i denne målgruppa.

Det har ikkje lukkast Marsteinen å få kontakt med ansvarlege i kommunen for kommentar, før deadline i går.

Severin Tøkje
Journalist