apr 112019
 

Olav P. Årland (1932 – 2019). Ordførar i åra 2001-2003.

Tidlegare   ordførar i Austevoll Olav P. Årland døyde 23. mars  nær  87 år gamal.

Olav var fødd på Stolmen  i 1932  og var den eldste av søskenflokk på fem. Han valde sjøen som sitt yrke og reiste ut fyrste gong som dekksgut berre 15 år gamal. Seinare vart det styrmannsutdaning  og han segla som styrmann i mange år til han i  1966 gjekk over til fiskeri. Han var skipper på norske fiskebåtar som dreiv  fiske i Noreg og utanfor kysten av Mauritania. Fyrst frå 1968 til 1973 på  M/S «Suleskjær» som  forliste der nede, og seinare  med M/S « Virando»  frå 1978 til 1983 då kompaniet dei fiska for flytta ekspedisjonen til Sør-Amerika.

Olav P. var skipper og  medeigar i ringnotsnurparen «Vimi»  Den 4. januar 1976 gjekk snøggbåten

«Sleipner» på grunn utanfor Haugesund. «Vimi» var i nærleiken. Olav førde skuta så nær opptil havaristen som mogleg, og via transport med redningsflåtar og liner vart over hundre passasjerar og mannskap redda om bord i «Vimi»  og ført inntil Haugesund. Ingen omkom i denne «Sleipner»-ulukka.

Olav P. vart tilbudd arbeid som faglærar ved fiskarfagskule i Austevoll, og arbeide der frå 1986 til han pensjonerte seg i 1996 64 år gamal. På skulen utførte han ein utmerkt jobb for unggutar frå heie Hordaland som hadde ynskje om å bli sjømann eller fiskar. Hjå  Olav P. fekk dei både gode råd og fagleg opplæring innan framtidig fiskeri og sjøfart.

Olav P. engasjerte seg  mykje i politisk arbeid og var i mange år tillitsvald for KrF. Han var oppteken av det meste innan politikk, og arbeide mykje med å få realisert bru til Stolmen og Storekalsøy med vidare. Han møtte nokre gongar som varamedlem i Hordaland fylkesting. Olav P. var varaordførar då Inge Bjarne Storebø så brått gjekk bort februar i 2001. Dei hadde eit særs godt tverrpolitisk samarbeid, noko Olav la vekt på i sitt minneord ved båra til Inge B.

Han måtte overta vervet som ordførar ut valbolken og utførde ein særs god jobb innan dei ulike oppgåvene kommunen stod ovanfor. Han hadde mange politiske verv både innfor og utanfor kommunen. Olav. P. deltok på dei fleste gruppemøte i KrF. heilt fram til  siste halvår før han døydde.

Olav P. arbeidde mykje innanfor kyrkja og soknerådsarbeidet, særleg med kyrkja på Stolmen der han utførte mange dugnadstimar,  han var over 80 år då han stod øvst på stillaset og måla denne kyrkja. I Stolmen kyrkja var òg  klokkar heilt fram til han vart innlagt på Austevoll pleie- og omsorgssenter.   Presten la vekt på dette i sine minneord ved båra til Olav.

I 1956 gifta han seg med Agda frå Sunnfjord, saman fekk dei fem barn, deretter kom tolv barnebarn  og  sju oldebarn.

Olav P. Årland vart gravlagd frå Stolmen kyrkje onsdag 3. april.  Det var ei fullsett kyrkje som tok avskjed med ein staut person og samfunnsbyggjar. Oldeborna tok i mot i døra, barnebarn og barna heldt taler og song vakre songar under samværet.  Der var og helsingar med krans frå Kristeleg Folkeparti,  Austevoll sokneråd,  og tidlegare ordførar Helge André Njåstad  la ned krans frå Austevoll kommune.

 

Saman vil me lysa fred og Olav P. Årland  sitt minne.

 

Frå venar i Austevoll,   KrF  og  det  polititiske miljø i kommunen.

 

Hallvard Møgster