apr 122019
 

Politibetjent Svein Storebø varslar franmleis fokus på vegane. Arkivfoto.

Mobilbruk var i fokus då austevollpolitiet gjennomførte trafikkontroll på Storebø torsdag. Fire trafikkantar fekk forenkla førelegg, og ein bilist måtte parkera bilen og gå heim etter at prikkbelastninga gjekk over grensa.

– Me skreiv ut tre forenkla førelegg for mobilbruk. Dette utløyser no òg to prikkar, så det er ikkje berre førelegget på 1 700 kroner å ta omsyn til lenger, seier politibetjent Svein Storebø til Marsteinen. Austevollpolitiets trafikkansvarlege fortel at ein bilist som var yrkessjåfør som hadde seks prikkar på førarkortet frå før.

– Sjåføren fekk førarkortet inndrege, og han må klara seg utan førarkort i seks månadar. Dette forholdet vert meldt, seier Storebø. Det er når du samlar åtte eller fleire prikkar over tre år at du mistar retten til å føra motorvogn. Prikkbebelastinga for mobilbruk tredde i kraft ved årsskiftet.

Tre andre sjåførar vart stogga for mobilbruk i kontrollen ved Sentrumsbygg. Ein av dei hadde prøvetid etter å nyleg fått førarkortet attende. I ein slik periode får du dobbel belastning.

Svein Storebø fortel at politiet skal halda fram med trafikkontrollar i tida som kjem, og understrekar at dei har nulltoleranse for mobilbruk.

Austevollpolitiet avskilta òg ein moped. Her vart det skrive ut førelegg og føraren må visa fram køyretøyet sitt på ein trafikkstasjon etter å ha retta manglane.

Av Trond Hagenes