apr 142019
 

Vrak etter promillekøyring ved Gauksheim. Foto: Tipsar.

BA skriv at politiet klokka 1950 laurdag fekk melding frå ein fotgjengar ein bil var smadra ved Gauksheim.

Meldaren meinte at bilen var forlatt, men då politipatrulje kom fram var to personar fortsatt sitjande i bilvraket.

– Airbagane var utløyste og sjåføren måtte blåsa i alkometeret. Det viste at han var påvirka av alkohol, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt til BA.

Sjåføren (30) vart teken med for blodprøve. Verken han eller passasjeren var fysisk skadde.