apr 242019
 

Extra Austevoll rår kundane til å vera med å plukka søppel den neste veka. Frå venstre: Malene Toft, Elisabeth Grotle, Annabell Magerøy, Thomas Dale

Neste veke vert hanskar, sekkar og avfallskonteinarar set opp ved Extra Austevoll. Dei vil forhindra marint avfall og rår kundane til å vera med og plukka søppel.  

– Det er på tide at me gjer ord til handling. Våre kundar, tilsette og medeigarar er særs opptekne av miljø og bærekraft. Me ynskjer å bidra ved å gjera det enkelt å arrangera og delta i ryddeaksjonar, seier butikksjef i Extra Austevoll, Marianne Horseng i ei pressemelding.

Aksjonen vert arrangert i samarbeid med Hold Norge Rent og Norsk Gjenvinning
Coop-butikkar i heile landet.  Frå fyrstkommande laurdag til og med 4. mai vil du ha høve til å  henta ryddeutstyr og levera søppel hos Extra Austevoll gratis.

– Vår innstilling er at alle kan gjera litt. Me håpar at ryddekampanjen Coop rydder Noreg skal gjera det enklare å ta med familie og vener ut i frisk luft for å plukka søppel.
Berre éin tur kan gjera stor forskjell, seier Coops miljøsjef, Knut Lutnæs avsluttande i pressemeldinga.

 

Severin Tøkje
Journalist