apr 192011
 

Politiet har pågripe ein person som i går forsøkte å trekkja ei jente inn i ein varebil på Eidsbøen.

Lensmannsfyrstebetjent Jostein Bjånesøy seier dette til Bergens Tidende:

– Eg er kjent med at fleire har vore rundt og lett etter mannen. Me har motteke ein del informasjon om saka via Facebook, men samstundes har mange unge blitt skremde over det dei har lest.

Mannen vert framstilt for vareteksfengsling i morgon, og politiet etterforskar om personen har tilknyting for ein liknande situasjon i Fana dagen i førevegen.