apr 292019
 

B-ferja går som normalt etter å ha vore  innstilt i ettermiddag.

SISTE
B-ferja vil gå som normalt frå klokka 15:40.
_________________________________

Klokka 14:11 kunne Fjord 1 melda om tekniske problem på B-ruta i sambandet Hufthamar- Krokeide.

«MF Horgefjord» sine ruter er innstilt frå avgang 14:10 og inntil vidare.

– Me trur me har fått det til å fungera igjen, men me må avventa situasjonen. Me prøver å koma attende i ruta etterkvart, men kor lang tid det vil ta kan me ikkje seia noko om, seier skippar på «MF Horgefjord» Guttorm Sivertsen.

Han opplyser at dei veit kor feilen ligg, men at dei ikkje vil uttala seg noko meir om dette til lokalavisa.