apr 302019
 

Statens vegvesen skreiv mellom anna ut tre gebyr for manglande bilbelte måndag. Illustrasjonsfoto: Silje Christine Alvsaker / Statens vegvesen.

Statens vegvesen melder at det var skrive ut tre bilbeltegebyr, eitt gebyr for manglande vognkort og eitt gebyr for manglande førerkort då dei hadde kontroll i Austevoll måndag. Ein motorsyklist fikk gebyr for dekk under lovleg mønster. To motorsyklar fekk mangel for å ha effektpotte, som gav for mykje støy. Eitt kjøretøy med mangellapp for eksoslekkasje. Og tre bilførarar fekk muntleg beskjed om å skifta til sommardekk.