apr 302019
 

Ei særs sjeldan bille dukka opp på knausane vest på Storekalsøy måndag. Foto: Bjarte Aadland.

Denne billa fann Bjarte Aadland på Storekalsøy denne veka. Arten er knapt funnen i Noreg, og har status som sterkt truga på den nasjonale raudlista.

Billa Chrysolina latecincta er berre funnenved nokre særs få høve her vest i ytre Hordaland og Rogaland tidlegare. Ho står på raudlista som sterkt truga art (EN). Eg fann denne billa (på biletet) på bergknausane ytst på Stora-Kalsøy 29.april. Ho har nok ei særs vestleg og oseanisk utbreiing, så austevollingar får vera på utkikk etter denne. Skulle vera lett å kjenna att. Svært vakker er ho i alle høve, skriv Aadland til Marsteinen.