mai 022019
 

Mykje å hengja fingrane i på skjer og holmar, i viker og strender kring i Austevoll. Foto: Stina Nordbak/Austevoll kommune.

 

Vil du går sommaren i møte med mindre søppel langs strendene? Til helga er det ryddedugnad i sjølinja.

I morgon byrjar strandryddehelga i Austevoll. Konteinarar vert sett ut offentleg tilgjengeleg på Kalve, Spissøy, Hufthamar, Storebø, Kolbeinsvik, Husavik og ved Selbjørn bru og Stolmen bru. Stina Nordbak frå seier Austevoll kommune fylgjer suksessoppskrifta frå i fjor.

– Det var særs god respons på aksjonen i fjor, der private vart oppmoda til å rydda eigne strender. Folk viste enorm velvilje og engasjement, og ringverknadane er gode.

Nordbak seier at skulane i kommunen har arrangert sine eigne ryddedagar, og at elevar ved Austevoll vgs har hatt strandrydding og marint søppel som eit eige prosjekt i undervisinga. Også arbeidsplassar og organisasjonar hadde eigne ryddedagar i fjor.

– Dugnadsinnsatsen i fjor var fantastisk.

Skal du rydda strender denne veka? Send oss gjerne foto frå innsatsen på redaksjonen@marsteinen.no.