mai 062019
 

Høge lakseprisar så langt i år. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix / NPK

Noreg eksporterte sjømat for 8,8 milliardar kroner i april, opp nær 900 millionar kroner samanlikna med april 2018, mellom anna etter rekordprisar på skrei.

Hittil i år er det eksportert sjømat til ein verdi av 34,5 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,8 milliardar frå same periode i fjor, opplyser Noregs sjømatråd.

I tillegg til den høge skreiprisen har òg vekst i den globale etterspørselen etter laks bidratt til ein sterk månad for norsk sjømateksport.

Veksten er særleg sterk i EU, Asia og USA, opplyser sjømatanalytikar Ingrid K. Pettersen i Noregs sjømatråd.

Det vart eksportert 86.000 tonn laks til ein verdi av 6,2 milliardar kroner i april. Verdien auka med 995 millionar kroner samanlikna med april i fjor.

Polen, Danmark og Frankrike var største mottakarar av laks.

Hittil i år er det eksportert 333.000 tonn laks til ein verdi av 22,9 milliardar kroner. Verdien har auka med 2 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) er godt fornøgd med tala.

– Me har akkurat lagt bak oss det beste kvartalet nokosinne. Då er det ekstra gøy at sjømatnæringa fortset å veksa. Det er gode nyheiter, for næringa bidreg til aktivitet og arbeidsplassar i heile Noreg, seier Nesvik.

NPK

kirsten@npk.no