mai 092019
 

Desse bøkene kan få avløysing av eit nytt verk om Austevoll. Kristin Magnussen sett i gang arbeid med eit forprosjekt.

Kristin Magnussen og historielaget set i gang arbeid med eit forprosjekt til eit lokalhistorisk bokverk, etter at formannskapet løyvde 90 000 til formålet.

Via kulturmiddelpotten øyremerkte til måla i den kommunale kulturminneplanen, har Austevoll historielag og Kristin Magnussen fått høve til å tørka støv av gamle ambisjonar.

– Me set i gang forprosjektet, og er glade for at kommunepolitikarane no har løyvd pengar til arbeidet, seier Magnussen til lokalavisa. Allereie i 2014 sende ho søknad til Austevoll kommune om støtte til forprosjektet, og fem år seinare er pengane på plass.

I søknaden skriv ho mellom anna at lokalhistorie har fått ny aktualitet. Folk flest, skular og gjestar ytrar ynskje om eit nytt, tilgjengeleg og samla materiale. Kjeldene kan vera både munnlege og skriftlege. Kulturminne- og fornminneregistreringare, og gjenstandar til fotografi kan vera med å fortelja om farne tider. Etnologen og kulturvitaren meiner arbeidet med forprosjektet kjem til å ta om lag eitt år, før ein eventuelt kan setja inn kreftene på eit bokverk med eitt eller fleire bind.

– Me vil formidla lokalhistoria til oppveksande og komande generasjonar, skriv Magnussen i søknaden. Ho meiner at eit slikt verk kan vera identitetsskapande.

Til lokalavisa opplyser Magnussen at det er naturleg å ta kontakt med fagmiljø både på universitet og høgskular.

I eit skriv til Austevoll kommune, datert oktober 2014, skisserer forskar Hans Hosar ved Norsk lokalhistorisk institutt, NLI, at ein bør satsa på forfattarar med historiekunnskap på fyrsteamanuensisnivå til arbeidet. Hoser meiner det er naturleg å rekna tre årsverk per bind til arbeidet. Grovrekna kunne eitt årsverk i 2013-kroner med utgifter til arkivreiser med meir kosta om lag 650 000,-.

 Av Trond Hagenes