mai 102019
 

Katja Kayser Djupevåg og Line Stenevik er glade for at dei kan ta med barnehagebarna på sjøen igjen.

Sjøfartsdirektoratet meldte før helga at barnehagar og skular igjen kan få bruka båt i opplæringa. I Bekkjarvik Maritime FUS barnehage er jubelen stor. 

–  Dette var viktig for oss. No er planen å få båten ut på sjøen frå slutten av mai. Båt i barnehage er heile konseptet vårt, så dette er me glade for, seier dagleg leiar i barnehagen, Katja Kayser Djupevåg og båtansvarlig Line Stenevik.

Det er sjøfartsdirektoratet som kjem med den positive meldinga, etter at fleire barnehager i haust fann ut at dei ikkje kunne nytta båt i opplæringa, grunna strenge krav til sertifikat.  Løyve som no er gjeve er eit midlertidig unntak for barnehagar, skular og leirskular inntil eit nytt regelverk vert vedteke.

Les meir om saka i neste utgåve av Marsteinen. 

Severin Tøkje,
journalist