mai 162019
 

 

Studiespesialiserande VG1 Ved Austevoll vgs vert etter alt å dømma vidareført.

Austevoll vidaregåande skule sitt tilbod til unge austevollingar som ynskjer studiespesialiserande kompetanse ser ut til å verta teke vare på. Eit samrøysta utval for opplæring og helse ynskte å oppretthalda undervisninga på skulen.

Rektor Vivian Bjånesø Horgen er sjølvsagt strålande nøgd med at lina vert verane på skulen.

– Lina er særs viktig for miljøet på skulen, der me har 85 prosent gutar.I tillegg er det slik at lina gjev lærarane våre i fellesfag noko ekstra å bryna seg på, seier Bjånesø Horgen, som vonar at dei resterande politiske vedtaka i saka òg lander på same konklusjonen.

– Det er eit godt tilbod for dei av ungdommane våre som ikkje ynskjer å måtta flytta til Bergen allereie som 16-åringar, konkluderer rektor.

 

Føreslått nedlagt

Fylkesrådmannen ynskte å leggja ned skuletilbodet, og skreiv at det har fått 13 primærsøkjarar med ungdomsrett til 27 plassar. Tilbodet blei også lagt ned i 2018, då det var ti primærsøkjarar. I 2017 var det ni primærsøkjarar, og tilbodet blei oppretthalde for å sjå om søkjartalet var høgare i 2018, noko som ikkje var tilfelle. Historisk sett har søkjartalet til dette tilbodet alltid vore under grensa for 85 % oppfylling.

Utvalsleiar Emil Lennart Gadolin (A) seier at Arbeidarpartiet og samarbeidspartnarane deira ynskte å gjera om på innstillinga frå fylkesrådmannen fordi dei vurderer det som viktig at det er eit godt utdanningstilbod i heile fylket.

– Særleg er det viktig at ungdommar som kjem rett frå grunnskulen skal sleppa å måtta flytta på hybel om dei ikkje ynskjer det. Slike utdanningstilbod gjev ekstra tryggleik både til foreldre og ungdommar, seier Gadolin til Marsteinen.

Ragnhild Fagerbakke (H) seier at det normalt er mykje partipolitikk og ulike interesser som gnissar mot kvarandre i utvalet ho er medlem i.

– Denne gongen var det samrøystes og klinkande klart at studietilbodet skulle oppretthaldast. Ikkje berre på grunn av reisevegen, og òg når ein ser på lærarstaben ved skulen, avsluttar Fagerbakke.

Av Trond Hagenes