mai 162019
 

Respons Analyse har på oppdrag frå Austevoll Høgre gjennomført ei opnionsmåling på partioppslutnad i Austevoll. Høgre ligg særs stabilt samanlikna med valet for fire år sidan, medan Arbeidarpartiet fell med nær fire prosent.

I mandatfordelinga er det små endringar frå valet, basert på utrekninga til pollofpolls.no: Høgre ville framleis fått åtte, Arbeidarpartiet 5, medan Framstegspartiet hadde mista ein til fire. I likskap med Marsteinen si måling i januar/februar er Sosialistisk Venstreparti inne med ein representant. Senterpartiet ville fått to personar inn, KrF ein. Miljøpartiet ville ikkje kome inn men er ein hårbreidd frå SV i oppslutting.

 

Oppslutnad i prosent (endring sidan valet i 2015):

  • H 37,9 % (+ 0,1)
  • Ap 20,6 % (- 3,6)
  • Frp 18,6 % (- 2,1)
  • Sp 7,9 % (+ 2,4)
  • KrF 6,0 % (- 1,7)
  • SV 3,2 % (+ 3,2)
  • MDG 3,0 % (+ 0,7)
  • Raudt 1,4 % (+ 1,4)* 
  • Folkeaksjonen mot bompengar 1,0 % (+ 1,0)* 
  • Venstre 0,4 % (- 1,2)

* Stiller ikkje med liste i Austevoll.

Det er gjort telefonintervju med 401 personar i førre veke, mellom 9. og 14. mai. Feilmarginen er +/- tre til fem prosent.