mai 162019
 

Mellom 200 og 300 rutemeter skogbotn skal ha gått med i brannen ved Sandvik i dag.

Nær 300 kvadratmeter skog vart teken av flammane før mannskap frå Austevoll brann og redning fekk kontroll på skogbrannen ved Sandvik i dag. Politi og brann rykka ut med alle tilgjengelege mannskap og det vart varsla vidare regionalt, sidan brannen hadde stort potensiale.

– Me har no nedjustert dette, men om du ser all skogen her, ser du òg kor alvorleg brannen kunne blitt, seier brannsjef Hans Petter Bjånesøy til Marsteinen.

Politifyrstebetjent vidar Mjåtvedt seier det var i samband med arbeid med vinkelslipar nær byggje og sjø at gnister førte til at flammane fatna.

– Har her ein gjort ei privat risikovurdering, der ein likevel ser at det får konsekvensar. Me ber all om å ta forholdsreglar no som det er såpass tørt i terrenget, seier Mjåtvedt.