mai 212019
 

Vegard Bruntveit hadde god kontroll på sløkkingsapparatet.

Med brannsløkkingsapparatet sikta mot rota på flammene, klarte elevane ved Storebø barneskule å sløkkja den store brannen nærast utan hjelp.

– Det er kjempelett no når det er øving i alle fall, seier Endre Hovland som er elev ved skulen. Han og klassekameratane har alt hatt undervising i klasserommet, før dei no får prøva seg i praksis med sløkkjeutstyret.

 

– Me har lært kor fort brannen kan spreia seg i ei lita stove. Det var skremmande. På berre 45 sekund var store dela av rommet i flammar, seier Sylvia Valencia Hufthammer og Mia Sørvik. Elevane synest det er både viktig, men òg spanande og gøy å få læra om kva ein skal gjera om ein brann oppstår.  Dagens brannsløkkjarar fortel og at dei skal heim til foreldra og laga rutiner for kva dei skal gjera, og kor dei skal møtast om ein brann oppstår.

Spylt ned av brannbilen?
Når flammane står til vêrs og det kvite pulveret kjem som ein kanon mot fotografen, er det fleire som har fått augo opp for den store brannbilen.
– Kan me ha vasskrig med kanonane? spør ein.
– Nei, dei er jo sterkare enn ein høgtrykkspylar. Vert du treft av ein sånn kan du bli skikkelig skadd, svarar ein annan elev og diskusjonen er i gong. Sjølv om det ikkje nett blei vasskrig fekk alle prøvesitja og studera brannbilen og utstyret før det var attende til timen.

Severin Tøkje
Journalist