mai 242019
 

Her er kommunen tiltakshavar. Likevel er vegen til sherpastien til Kongsen vorten altfor brei. Det fulle ansvaret fell på kommunen, står det i rådmannen sitt notat.

Masseuttak i Porsdalen, planering og uteplass ved brannstasjonen, endra utkøyring same staden, manglande gangveg i Gråsiddalen og altfor brei tilkomstveg til sherpastiane ved Kongsen. Fellesnemnar: Kommunen har sjølv brote plan- og bygningslova.

Det er rådmannen sjølv som legg synderegisteret fram for politikarane i eit notat til formannskapet om to veker. I fem punkt peikar han på tiltak der kommunen som tiltakshavar ikkje har følgd boka. Mellom anna har dei ikkje handsama søknad om masseuttak i Porsdalen. Massane vart nytta i vegen gjennom Gråsiddalen, og det er berre laga eit utkast til løyve, som det ikkje er gjort noko meir med.

Rådmann Bjarte Madsen seier at kommunen har gjort feil i desse sakene, og fyrste steget på vegen er å vedkjenna seg dette og setja ein fot i bakken.

– Det er ulike ting som er vorte gjort feil: Ved vegen gjennom Gråsiddalen har ein hatt søknadane i orden, men ikkje bygd i samsvar med planen. Ved masseuttaket og dei andre tiltaka i Porsdalen er det løyva som manglar, seier Madsen. Han vonar at kommunen kan auka legitimiteten sin som tiltakshavar gjennom prosessen dei no har sett i gang.

 

Løysing

Rådmannen ynskjer å sjå ei klar betring på korleis kommunen handterer utbyggingar der dei sjølve er tiltakshavar. Bjarte Madsen seier til lokalavisa at den lokale kulturen om å få ting gjort raskt har gått på kostnad av presisjonen i papirarbeidet i dei konkrete sakene.

– Neste steget vil vera å gå igjennom eigen organisasjon og struktur.

I notatet til politikarane skisserer rådmannen løysingar på dei konkrete lovbrota. I Porsdalen må søknad sendast for å godkjenna tiltaka etter plan- og byggingslova, medan vegen gjennom Gråsiddalen må utvidast, slik at han oppfyller krava i reguleringsplan, plankart og byggjeløyve.

Det mest ferske overtrampet er tilkomstvegen til sherpastien ved Kongsafjellet sin fot. Vegen skulle ha vore to meter brei, men er nær det dobbelte. Her har altså kommunen òg svikta som tiltakshavar, og arbeidet må lovleggjerast ved at turstien blir endra på ein slik måte at han oppfyller krava i vedtaket. Lokale krefter har ytra ynskje om å lovleggjera tiltaket ved regulering av bustadfelt i området. Her er prosessen starta opp.

Kommunen skal straks i gang med å gå igjennom 60 –70 ulovlege tiltak andre tiltakshavarar har stått for. Midlar til dette arbeidet har kommunen søkt om støtte frå fylkesmannen til.

 Av Trond Hagenes