mai 272019
 


Tilbodet om å bestilla pass på Storebø, gav ein fleksibilitet til austevollingane som i dag er heilt vekke.

I fjor sommar slutta politiet i Austevoll å ta i mot bestillingar av pass. Skal me ha pass, kan me mellom anna dra til Stord, Os, Fyllingsdalen, Sotra eller Askøy. Justis- og beredskapsdepartementet avgjorde at det skulle vera totalt 77 pass- og ID-kontor i landet, og Austevoll var ein av stadane som skulle kutta dette tilbodet til innbyggjarane.

Til BA sa dåverande justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i november at mobile løysingar som skal reisa rundt i distrikta er eksempel på tiltak me vil gjera for å letta kvardagen til folk flest.
No tikkar kalenderen mot ferietid, og eg har ikkje høyrt gjete om eit mobilt tilbod her i distriktet. Det mest mobile må ha vore ei påminning eg fekk gjennom facebooksida til det lokale politiet den 4. mai, om at det var tid for å bestilla pass-time om du treng nytt. Ventetida var alt lang.

For min del fekk eg time i Fyllingsdalen dryge to veker seinare, på måndag denne veka. Det var ikkje eg som skulle ha pass denne gongen heller, men dei to barna mine på sju og tre år. Ein fekk fri frå skulen, ein tok fri frå barnehagen og ein heil arbeidsdag gjekk med til pass-eventyret.

Det er snedde å køyra den nye vegen frå Krokeide over Kokstad til Fyllingsdalen. Det veit eg no, etter at eg køyrte feil på måndag. Problemet var at GPS-systemet ikkje hadde den nye tunellen inne. Eg forbanna meg sjølv i nokre sekund då eg heller tok rådet frå GPS-en om å køyra rett fram mot Sotra, i staden for å ta av der skiltet klårt og tydeleg sa Fyllingsdalen. Eg kom meg gjennom tunellen, fekk svinga meg inn att, og returnerte no mot Fyllingsdalen.
Framme ved politistasjonen var det ingen ledige parkeringsplassar for pass-kundane. Difor parkerte me mellom barken og veden, altså i ei lita lomme som truleg ikkje var ein parkeringsplass, men som hadde plass til at ein liten elbil kunne parkera der.

I meldinga eg fekk frå politiet to dagar før avtala, stod det: Ta med gml pass, fullmakt+ID ved pass til barn under 3 år. Dette hadde eg med. Det vil seia, eg hadde med foreldra sine pass, og passa me no skulle makulerast. Det eg ikkje hadde med, var passet eldste sonen min hadde frå 2014 til 2016. Det var dumt. For dette passet, som var både klipt og makulert ved Austevoll lensmannskontor i 2017, var ikkje registrert makulert i systemet.
Eg fekk to val: Å melda passet sakna – sjølv om det låg trygt heime i ei kommodeskuff, eller å koma inn att til Fyllingsdalen og makulera passet der. Ikkje før det var gjort, kunne guten få nytt pass. Difor kunne eg heller ikkje få tilsendt passet heim.
Trøysta var at det heldt at ein av foreldra kom inn, me trong ikkje ha med barna.

Dagen etter, tysdag morgon, fortalde eg ein lokal politimann om stoda. Han ba meg ta med det makulerte – men like fullt ikkje-makulerte – passet til politikontoret på Storebø. Derfrå kontakta han kontoret i Fyllingsdalen, og gjekk god for at passet var klipt og makulert. No skal eg likevel få dei nye passa til sønene mine sendt heim til oss. Takk for lokal hjelp!

Eg er glad, men likevel oppgitt.
Det er ikkje meg det er synd på. Eg kan trass alt setja meg bak rattet, ta ferja og køyra til Fyllingsdalen, Os, Stord eller kor det måtte vera.
Kva med småbarnsforeldre som ikkje disponerer bil, og må dra kollektivt til passkontoret? Og kva med foreldre som ikkje har fleksitid på arbeid, og er låst til visse tider?
For meg, som reiste til og frå direkte, tok turen like over fire timar. Til samanlikning er det 15 kilometer – 17 minutt – å køyra mellom politikontora i Fyllingsdalen og på Sotra. Ved begge kontora får du bestilt pass.

Tilbodet om å bestilla pass på Storebø, gav ein fleksibilitet til austevollingane som i dag er heilt vekke. Eg håpar dette tilbodet kjem attende til kommunen vår.

May Linn Clement