mai 292019
 

Mørenot utvidar produksjonen. Amund Møgster Hatlevik ivrar for utvidinga på Salthella.

I bygget som i si tid husa Austevoll tvinneri, investerer Mørenot no i utstyr for å vøla oppdrettsnøter. Det vil føra til seks-sju nye stillingar.

 

Med nytt eigarskap i Mørenot-gruppa er det òg komme endå større vilje til å investera. Dagleg leiar Amund Møgster Hatlevik i den lokale armen av Mørenot-konsernet er glad for at verksemda no kan ta i bruk bygget vegg-i-vegg til vedlikehald av oppdrettsnøter.

– Det er fyrst og fremst bøting me er særs gode på her hos oss, og det vil me utnytta òg når det gjeld oppdrettsektoren, seier Møgster Hatlevik til Marsteinen. Verksemda er tufta på nøter til fiskeria, men steget til oppdrett er kort og synergiane oppstår raskt.

– Når me skal serva fiskebåtane er dette ofte særs intenst. Berre på nokre dagar denne veka har me fire båtar som skal lasta om bord sildenøtene sine, og i mai i fjor hadde me fem båtar som nærast låg i kø. Då blir det stor belastning på staben, medan me med seks–sju ekstra stillingar vil ha større fleksibilitet og kunna flytta folk mellom avdelingane, seier den daglege leiaren.

Les resten av saka i avisa denne veka.