mai 292019
 

Systera Hilde Drønen var ein perfekt treff då Grethe Drønen Ringdal fekk akutt leukemi.
– Eg vart alvorleg sjuk, og har vore heldig, seier Grethe.

Grethe Drønen Ringdal (63) og Hilde Drønen (56) deler meir enn dei fleste sysken. No rår dei folk mellom 18 og 40 til å melda seg som stamcellegivarar.

Noko var ikkje som det skulle vera med blodet til Grethe Drønen Ringdal. Det vart stadfesta på ein bedriftshelsesjekk, og ho fekk difor time ved Haukeland Universitetsjukehus den 10. januar i år.
– Eg fekk diagnosen akutt leukemi. Ein halvtime seinare var eg innlagt på hematologisk avdeling.
Grethe vart sett på ein kraftig cellegiftskur, medan dei tre syskena hennar vart kalla inn til undersøkingar; mellom sysken med same biologiske foreldre er det 25 prosent sjanse for at vevstypen er lik. Hadde nokon av dei same vevstypen som Grethe?
– Svaret kom 15. februar. Hilde og eg hadde same vevstypen.

Les heile saka i Marsteinen.