mai 292019
 

Illustrasjonsfoto: Politiet i Austevoll har fått mange viktige tips får vitner den siste tida. Foto: Pixabay

Politiet i Austevoll har hatt mykje å gjera dei to siste vekene i mai. Tjuveri og promillekøyring er berre noko av det dei har måtte handtera.

– På generelt grunnlag har det vore enormt mykje å gjera for politiet etter 17.mai, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt. Han fortel at dei har merka godt at våren og sommaren er i gang.

Har du sett denne båten?
Mellom klokka 15:00 og 20:00, måndag 27.mai vart ein open fritidsbåt  stole frå Kalvaneset.
– Eigaren har meldt saka til politiet i dag. Førebels har me ingen spor eller vitneobservasjonar. Me ber difor personar som veit eller har sett noko av interesse om å ta kontakt, seier Mjåtvedt.

Har du sett denne båten? Politiet ynskjer tips! Foto: Privat.

 Tjuveri på blomsterbutikken
19. mai observerte nokre forbipasserande ein tjuv ved blomsterbutikken Forglemmegei på Storebø. Gjerningspersonen skal ha frakta blomar over gjerdet og prøvd å få dei med seg.
– Me fekk tips og arresterte personen på staden. Politiet har no oppretta sak og er i gang med etterforskinga, seier politibetjenten.

 

 Promillekøyring på Selbjørn
Førre fredag fekk politiet inn ei melding i 17-tida om ein vinglete bil i vegbanen mot Selbjørn. Tipset kom frå ein førar som følgde etter bilen.
– Me køyrde ut og møtte bilføraren. Det vart teke blodprøve og saka blir no fylgt opp med ei melding frå politiet, seier politibetjenten. Politiet kan per dags dato ikkje gå ut med alder eller resultat på blodprøvene.
– Me vil uansett skryta over formidable vitneobservasjonar. Folk er flinke til å melda frå, og me har god publikumskontakt. Tips alltid om du er usikker, konsekvensen kan vera ganske alvorleg om ikkje, seier han.

Severin Tøkje
Journalist