jun 032019
 

Det var Øystein Rabben (76) som vart funnen død på Selbjørn måndagskvelden. Det skriv Fiskarlaget.no.

– Det er med sorg og vemod me har mottatt bodskapet om at fiskarlagsveteran Øystein Rabben er død, seier fiskarlagsleiar Kjell Ingebrigtsen til nettstaden.

Måndagkvelden vart det kjent at ein mann med tilknyting til Selbjørn vart  funnen drukna i eit vatn på Selbjørn. Politifyrstebetjent Per Nordstrand sa til Marsteinen mannen etter alt å dømme var ute for å dra eit auregarn då han drukna.