jun 062019
 

Ein ung Sjur Normann Østevold under inspeksjon av mannskap saman med Storbritannias regent, Kong George i 1940. Foto: Privat.

Sjur Normann Østervld var nestkommerande på den norske jagaren «Svenner», som låg i posisjon for å skyta mot Normandie-strendene i morgontimane på D-dagen. Ein time før startskotet til landgangen skulle gå, vart skipet treft av tyske torpedoear.

Østervold måtte hoppa i sjøe, og fekk berga seg ombord i den britiske jagaren HMS «Swift». Totalt 130 vert berga om bord i det alllierte skipet, medan 34 av mannskapet på 230 døyr, derav to britiske signalgastar.

Familien Østervold frå Krossøy var legendariske i innsatsen sin under krigen. Far var skipper i handelsflåten. Eldstesonen Olaf var styrmann på same fartøy som faren. Jan overlevde tre torpederingar. Agnes var sjukepleiar, medan Finn vart jagarflypilot. Han vart skoten ned og omkom 6. november 1944. I tillegg til Sjur, som overlevde krigen og vart adjutant til kong Haakon, og var jamvel med å bera kista til kongen i gravferda i 1957.

Kjelde Ole Bøe Hansen: Et rikt liv i fredrelandets tjeneste, Portrett av kommandør Sjur Normann Østervold.

 

Av Trond Hagenes