jun 062019
 

Øystein Rabben kjem til å verta hugsa. Journalist Marie Heggholmen Mundal minnast fargeklatten. Foto: Trond Hagenes, Arkiv.

Fyrste gang eg møtte Øystein Rabben var då han holdte ein flammande tale om Fiskerisogelaget då eg gjekk i 10.klasse på Eidsbøen Ungdomsskule. Øystein blei så gripen av sine eigne ord, at han grein. Tårene fossa. Det var det mest fasinerande eg på den tiden hadde opplevd, utanom Gunnveig Wetteland. Og eg grein med. For fiskerisogelaget. Sånn var Øystein. Det laget blei eg aldri med i. Men eg møtte Øystein Rabben fleire gonger. Han gjekk ofte rundt med ein stor ipad og tok bilete, iført ein fargesprakande dress, lik Jim Carry i «The Mask».

Han var ein stødig gjest på fleire, eller dei fleste oppdrag då eg jobba for Marsteinen. Han var jo alltid der det skjedde. Me blei venner. Eg glømmer aldri når eg haika med Øystein i den kvite kassebilen hans. Edvard Johannes sat i bagasjerommet, og såg gjennom gitteret til dei to setene framme, der meg og Øystein vitsa, og lo om at han var ein hund heile vegen frå Bekkjarvik til Storebø. Øystein sendte fiskerisogekalenderen i posten saman med eit julekort til meg kvart år, og eg blei kjempeglad for det. Kvar gang eg såg på kalendaren på veggen tenkte eg på han, og blei glad. Han var eit unikt, rart og godt likt menneske. Eg kommer aldri til å gløyme Øystein og hans vesen. Det blir tomt i postkassen framover, og det blir tomt i Austevoll utan Øystein Rabben.

Marie Heggholmen Mundal