jun 072019
 

Steffen André Skår legg an til det som skal bli 3-1-målet.

Søfteland kom til kort mot eit offensivt og i starten relativt effektivt AIK-lag i kveld. Steffen  Skår noterte 1-0 på flott vis.

Kristoffer Østervold laga AIK sitt andre mål i kampen til stillinga 2-0 med å muskla seg forbi sisteforsvararen og trilla ballen forbi ein utrusande målvakt.

Steffen André Skår var farleg og noterte seg fortent 3-1 i andre omgangen.

På slutten laga AIK målsjansar på løpande band, og trefte mellom anna tverrliggjaren to gongar, medan Arnt Klepsvik fekk gode høve til å visa seg fram som måljegar etter at venstrebacken vart flytta fram.

Bortelaget fekk ei litt billegg redusering til 2-1 etter at Christian Mikkelsen gav bort eit frispark frå om lag 20 meter, som Johannes Jordal fekk setja altfor lett i nettet bak Bratten Gjøvåg.

Kampfakta får du her.