jun 202019
 
Vidar Mjåtvedt og Lars Lundemo på Rabben. Gjerdet og grinda i bakgrunnen er ikkje optimal for å halde sauar vekke.

Innbyggjarar på Rabben er fortvila over at sauar går fritt i byggjefelt og hagar. Mattilsynet har fått fleire bekymringsmeldingar om stellet av sauane, og seier dei skal fylgja opp meldingane.

At gjerda i området ikkje er som dei skal vera, er ei grein i saka. Tysdag var fungerande lensmann Vidar Mjåtvedt saman med politibetent Lars Lundemo på Rabben og såg døme på gjerder som ikkje held mål. 

– Me ber om ei haldningsendring hos sauebøndene, som vil gjera det betre å vera både sau og innbyggjar på Selbjørn. Politiet vil fylgja med på utviklinga frametter, seier Mjåtvedt.

Les heile saka i Marsteinen i dag.