jun 212019
 

Austevollherrane møtte Mathopen torsdag. Bergensarane frå den vestlefe bydelen skulle på papiret skulle vera potent motstand. I staden vann dei oransje med smått utrulege 13–3.

Tord Harald Skår noterte seg med smått vanvittige sju mål mot Mathopen.
Arkivfoto: Trond Hagenes

Austevollherrane sette Mathopen, som rettnok ikkje stilte med målkonge Kristoffer Larsen, skikkeleg til veggs torsdag.
Tord Harald Skår må vera i nærleiken av klubbrekord etter sju nettkjenningar i ein og same kamp.
– Både eg og laget hadde ein god dag. Me spelte bra fotball og me scora på dei fleste sjansane, seier Skår til Marsteinen.

Kampfakta finn du her.