jun 212019
 
«Malene S» og dei andre ringnótarane får selskap av pelagiske trålarar i det nye kvotesystemet, om det vert vedteke. Foto: Olav Endre Drønen.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) la i dag fram Stortingsmeldinga om kvotesystemet. Med austevollske augo er det særleg interessant at det vert lagt opp til å slå saman pelagisk trål og ringnót.

Meldinga legg særleg opp til å forenkla dagens komplekse system, skaffa meir fleksibilitet og auka legimititeten til systemet. Marsteinen kjem til å tråla gjennom den 135 sider lange stortingsmeldinga, og omtala henne breitt i neste veke.