jun 282019
 
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) tok i mot innspel frå austevollsk næringsliv, representert ved mellom anna Hans Erling Sandtorv (med ryggen til) og Johannes N. Møgster. Ordførar Morten Storebø (H) var vertskap.

Med mål om å møta 1000 verksemder på 100 timar er regjeringsmedlemmane ute i felt denne veka. Jan Toe Sanner kom rett frå ein barnehage på Stord til møte med austevollsk næringsliv.

Innspela frå den lokale blomebutikken tok han like gjerne med seg som forgreininga av større børsnoterte selskap. Næringslivet vil gjerne ha forenklinger, færre statlige instansar å halda seg til, og gjerne lettare skatteregime.

Sanner fokuserte òg på og fekk innspel om lærlingar og fagskular og sikra høg kvalitet på desse opplæringane.

Du kan lesa meir om møtet i Marsteinen på papir eller PDF til veka.