jul 042019
 

Hallvard Møgster har sett mykje av verda, men det er heime i Austevoll han engasjerer seg mest. Til hausten er 84-åringen nok ein gong med i valkamp.

Tidlegare ordførar Hallvard Møgster (84)  har opplevd store delar av verda til sjøs, men det er heime i Austevoll han trivst best. Til helga ventar sommarens tradisjonsrike høgdepunkt, nemleg Hatlevikbasaren.

Hallvard Møgster myser ut av vindauget i den herskapelege generasjonsbustaden i Kolbeinsvik. Her har han hatt base heile livet. Han har visstnok vore på farten, men forutan fire år i Bergen er det barndomsheimen i Kolbeinsvik som har vore heimen hans.

– Her har familien på bestemor si side budd i over 300 år. Huset eg bur i no, vaks eg opp i og det er 103 år gamalt, seier Hallvard og legg armen på sofaen i stova. I dag er det dottera Veronika og mannen hennar som eig huset. Dei bur oppe, medan Hallvard og kona har burett i fyrste etasje. Du høyrer godt lyden av barn som sprintar over golvet ovanpå.

– Det er kjekt å høyra at det er liv i huset. Det er stas at me er på femte generasjonen som bur her no, seier Hallvard og smiler.

Les heile sommarpraten i dagens utgåve av Marsteinen.