jul 182019
 
20 minutt tek det å køyra på jobb, men enkelte dagar lika Tom André Harstad å slakka på gassen og nyta roen sjøen har å by på.

Tom André Harestad  (34) hadde aldri køyrt eigen båt då han kjøpte sin fyrste i fjor. No pendlar han dagleg sjøvegen frå bustaden i Klokkarvik til arbeidsplassen på Storebø.

Dogga ligg framleis som eit slør på bakken og bilane. I det sola klatrar opp på himmelen, fordampar dråpene, og skapar ein illusjon av ei røyksky frå bakken. Ved Kleppesjøen i Klokkarvik på Sotra sit kjøpmann Tom André Harestad og ventar. Han verkar litt meir opplagt enn journalisten på morgonkvisten.

– God morgon, sjå for eit vêr. I dag er det perfekte forhold, gliser rogalendingen. Kvar dag tek han den 22 fot store båten sin frå hamna to minutt unna bustaden på Sotra, til arbeidsplassen i Austevoll.

Bli kjent med den lokale kjøpmannen i dagens utgåve av Marsteinen