aug 082019
 
Ein person er frakta til sjukehus etter ulukka torsdag. Arkivfoto.

Ein person er transportert til sjukehus etter ei arbeidsulukke ved Hordafôr på Salthella torsdagsettermiddag.

– Vedkommande var medviten då han vart frakta med Luftambulansen, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt til Marsteinen.

Ein gjenstand skal ha løsna under arbeid og treft personen som vart skadd, opplyser politiet.