apr 282011
 


Nye media, i dette høvet Facebook og SMS, resulterte i at austevoll lensmannskontor på under 15 minutt fekk lokalisert ein person mistenkt for fridomstap.
Måndag i påskeveka fekk politiet melding om at ei jente var forsøkt dregen inn i ein bil. Forsøket på fridomsrøving, med gjerningsmann på frifot, førte til at lensmann Per Nordstrand avgjorde at personen og kjøretøyet måtte etterlysast via den sosiale nettstaden Facebook og via tekstmeldingar.
– Det tok under 15 minutt tok frå me hadde sendt ut meldingane, til politiet fekk telefonar som lokaliserte gjerningsmannen. Nye media har enorm spreiingseffekt, seier lensmann Per Nordstrand. Sjølv om metoden om å nytta ny teknologi i jakta på kriminelle er fersk i Austevoll, har mellom andre Voss lensmannskontor nytta seg av Facebook som informasjonskanal ganske lenge.
– Me må sjølvsagt vera særs omtenksame for korleis me formulerer oss når me sender ut meldingar via SMS eller Facebook. Uansett ligg det i korta at Austevoll lensmannskontor om ikkje lenge kjem til å oppretta si eige side på Facebook, der me vonar å koma i god dialog med publikum, seier lensmann Nordstrand til lokalavisa. I den konkrete saka var tidsaspektet spesielt viktig.
– Etter at me hadde lokalisert vedkommande, venta me med sjølve pågripinga til dagen etter. Me hadde situasjonen under kontroll, seier Per Nordstrand.

Innrømmer skuld
Etter at mannen i 60-åra vart teken til avhøyr, og tilsto forholdet i Austevoll og to liknande tilhøve i Fana, vart han varetektsfengsla i fire veker.
Forsvaren til mannen, Egil Jordan, seier at mannen er særs lei seg for det som har skjedd.
– Han er veldig fortvila over det han har gjort. Han har psykiske problem, og har ikkje hatt noko bestemt motiv for å oppsøkja jentene. Han forklarer hendingane med den psykiske tilstanden sin, seier forsvarer Jordan til Bergens Tidende.
I kjenninga frå Bergen tingrett om varetektsfengslinga, står det skrive at Forholdene har blitt mer alvorlig ved at han har gått fra muntlig kontakt til fysisk å forsøke å trekke den siste jenten inn i bilen sin.
Mannen som er varetektsfengsla har ei laus tilknyting til Austevoll.