apr 292011
 

I går var Julie Eide Solbakken (28) på ordførarskule hos byrådsleiar Monica Mæland og varaordførar i Bergen, Trude H. Drevland. Dette for å verta betre rusta for rolla ho kan få ved kommunevalet 12. september.
– Eg er ny som ordførarkandidat, og vil læra mest mogleg om leiarrolla, seier Julie og rosar dei mektige kvinnene for gode råd.
Monica Mæland skryt over Høgre sin fyrstekandidat i Austevoll.
– Julie må stå på og vera seg sjølv, ho er eit funn av ein ordførarkandidat, seier byrådsleiaren til Marsteinen.

Les heile intervjuet i neste utgåve av lokalavisa.