mai 052011
 


Knusktørr vegetasjon etter fleire veker utan skikkeleg regnvêr, gjer at brannvesen og politi åtvarar sterkt mot brotebrenning.

– Me går på tå hev. Det er så tørt ute i naturen no, at me seier nei til alle formar for brotebrenning, seier brannsjef John Levi Weløy til Marsteinen. Gamal og tørka vegetasjon dominerer enno, før sevja stig og nytt gras får skikkeleg rotfeste.
– Brenning som kjem ut av kontroll, vil truleg resultera i bøtelegging, supplerer lensmann Per Nordstrand.
Tysdag skjedde nettopp dette. På Hundvåkøy tok flammane meir enn brotebrennaren hadde planlagt, og brannvesenet måtte tilkallast for å sløkkja flammane.
– I dette tilfellet vart det ikkje store skadar, men det skulle lite til før situasjonen kunne vorten rett så stygg, seier Weløy, og peikar på tørt barskogkratt og nærliggjande bustadhus. Brannsjefen understrekar sterkt forbodet mot å gjera opp eld i nærleiken av skog og mark. Forbodet gjeld mellom 15. april og 15. september. Han supplerer at den såkalla skogbrannindeksen allereie er langt over på det raude feltet.
– Allereie på den gule delen av skalaen er me litt urolege, men no er det retteleg farleg å gjera opp eld, avsluttar brannsjefen.

  One Response to “Åtvarar mot brotebrenning”

  1. Det er viktig å ta dette på alvor. Naboen vær måtte ringe til brannvesenet for å få slukket sin bråtebrann som var ute av kontroll.

    webfocus