mai 052011
 

– Aldri har eg lagt meg så flat i eitt kommunestyre i forhold til at ting ikkje er som dei skal. Me bomma maksimalt, sa ein audmjuk ordførar Helge André Njåstad til saka som vart dagens heitaste.

Ei tilleggssak om dei finansielle overskridingane på kommunen si 125 års-markering i Austevollhallen 9. april, var eit heitt tema på dagens kommunestyremøte. Med Julie Eide Solbakken (H) i brodden, fekk både ordføraren og rådmannen gjennomgå for feilbudsjetteringa.

Ingen blankofullmakt

Grunna lågare billettprisar enn budsjettert og langt færre deltakarar enn estimert, gjekk 125 års-markeringa til Austevoll kommune i kraftig underskot. Arrangementet 9. april hadde ein prislapp på 400 000 kroner, ein sum kommunestyret ikkje var konfronterte med, i fylgje Julie Eide Solbakken (H).

– Kommunestyret har ikkje gjeve noko form for blankofullmakt til administrasjonen i denne saka, sa ein opprørt gruppeleiar.

Ordførar Njåstad kunne ikkje gjera anna enn å beklaga overskridingane.

– Det er viktig å ha ei skikkeleg budsjett i førekant. Det har me diverre ikkje hatt her.

Kom dagen før

I denne tilleggssaka med rådmannen si tilråding, som kom dagen før kommunestyremøtet, stod det at 200 000 kroner blir brukt frå kulturmidlar i henhold til budsjett, 100 000 blir brukt for Bulyst, grunna inngangsbilletten vart satt ned og 100 000 kroner blir brukt frå posten uførutsette utgifter, grunna mindre oppmøte til arrangementet enn estimert.

At tilrådinga vart sendt ut dagen før møtet, og at fleire av representantane difor ikkje hadde fått sett seg inn i saka, var som å kasta bensin på bålet.

– Det er umogleg å gjera vedtak på dette allereie i dag, sa ein tydeleg misnøgd Høgre-leiar.

Jane Stangeland (Ap) støtta opp om Høgre, og påpeika den knappe tida frå saksframlegget kom, til kommunestyremøtet var sett.

– Med det føler eg me blir pressa til ikkje å gjera ei skikkeleg politisk handsaming av denne saka. Me fokusera på å ivareta demokratiet. Eg vil ikkje bli pressa, sa Ap-politikaren.

Saka vart vedteke å gå via kontrollutvalet, for at dei skal sjå over om ho er handama rett. Aktørane under 125 års-arrangementet vil, etter tilråd frå Torfinn Grav (Krf), likevel få betalinga si i tide sjølv om saka er utsett.