mai 062011
 

«Østanger» meldte onsdag inn 1 650 tonn med tobis. Dette er rekord frå eit norsk fartøy, skriv sildelaget.

Fangsten er teken etter ei vekes fiskeri sør på Outer Shoal i norsk sone. Ifylge skipper Ivar Taranger på «Østanger» så trengde dei ni hal på lasta. Det beste halet var på heile 400 tonn. Båten fungerer veldig godt etter ei større ombygging i haust, melder Taranger i same slengen.

– Det var betre prisar på tobisen i fjor i samme periode, og det er me ikkje heilt nøgde med, seier skipperen til sildelaget.no.