mai 082011
 

Austevolls krigsveteranar vart heidra i dag, i samband med frigjeringsdagen. Over 70 menneske møtte opp på kyrkjegarden på Storebø, der ordførar Helge André Njåstad la ned krans på minnesmerket over dei falne frå Austevoll sokn i konflikten mellom 1940-45.

Gunnar Nordstrand var med i dei norske styrkane i Storbritannia, og var naturlegvis med på markeringa.

– Eg gløymer nok aldri 8. mai 1945. Spesielt gjekk kvalfangarane i kompaniet mitt av skaftet då fridomen skulle feirast, seier Nordstrand til Marsteinen.