mai 122011
 

Hordaland fylkeskommune avgjorde denne veka at helse- og sosiallina til Austevoll vgs hadde for få søkjarar til å kunne oppretthaldast. Likevel er det gledeleg å sjå høge søkjartal til dei andre klassane ved skulen, meiner avdelingsleiar Vivian Bjånesø.

Fem søkjarar der berre tre av dei har ungdomsrett gjer at Austevoll vidaregåande skule mister helse- og sosiallina si etter å ha hatt henne i seks år.

– Dette er veldig leit for skulen, ikkje berre med tanke på skuletilbodet. Lina har òg vore positiv for det ikkje-faglege ved skulen, seier Bjånesø.

Elevane som har gått helse- og sosiallina dette skuleåret synest det er dumt at dette tilbodet vert lagt ned.

– For meg var det viktig at eg kunne bu heime eit år ekstra, seier Hanna Kolbeinsvik.

Ekstra klasse

Trass i dette tapet, viser førebels prognosar ein positiv trend ved skulen. Dei har hatt veldig stor søking til dei andre klassane ved skulen. Gledeleg er det å sjå at elektrolina får nok søkjarar til å starta opp att, etter å ha vore nede eit år.

I tillegg har naturbruk fått eit oppsving og det vil bli oppretta ein ekstra klasse kommande skuleår. Det er fleire år sidan dette studietilbodet hadde nok søkjarar til to klassar ved Austevoll vidaregåande skule.

Ein annan klasse det har vore stor pågang til, og som det er venteliste for å koma inn på, er TIP, teknikk og industriell produksjon.

– Det er kjekt å sjå at elevane søkjer seg hit no når me har fått så flott og ny skule, seier Bjånesø.

Av Kristine Kolbeinsvik