mai 132011
 

Stortingets visepresident og kulturkommitémedlem Øyvind Korsberg (Frp) var full av lovord om Bekkjarviks kultursatsing då han vitja Austevoll denne veka.

Stortingets visepresident Øyvind Korsberg (til venstre) vert vist kring i Bekkjarvik av Inge Halstensen. Korsberg likte det han såg.

– Dette er måten å gjera det på. Har gjer ein fiskerihistoria tilgjengeleg medan ein er på handletur. På eit eige museum, ville det jo kravd noko ekstra. Spesielt for besøkjande har dette stor verdi, sa Korsberg mellom munnfullane på Bekkjarvik gjestgiveri, der det vart servert utsøkt torsk og ein dessert med rabarbra, jordbær og krem frå meisterkokk Ørjan Johannessens hand.

– Spesielt likar eg måten biblioteket er drege inn i senteret, konstaterte Korsberg.

Korsberg sa elles at han trur at kystkulturen tilsynelatande vert mindre verdsett fordi han har måtta klara seg sjølv i tospann med næringsutvikling langs kysten, medan innlandskulturen har fått blomstra opp tidlegare, godt hjelp av tunge landsbrukssubsidiar.

– Kystkultur er viktig for oss i Framstegspartiet. Noko av det fyrste eg sytte for då eg kom inn på Stortinget, var eit forslag om å auka bevillingane til fartøyvern. Det fekk me fleirtal for, sa Korsberg før han vende nasen mot Oslo og  Årsmøtet i partiet sitt.