mai 132011
 

Når Ålgård kjem til Eidsbøen i morgon, møter dei eit heiltent heimelag. Trenar Stig Storebø vil ha alle poenga. Kampen står til og med på tippekupongen.

Austevoll på tippekupongen.

På tippekupongens kamp nummer 5 er det duka for eit tett oppgjer i morgon.

– Tek me tre poeng i denne kampen, viser me at me verkeleg har noko å bidra med i divisjonen, seier Stig Storebø til lokalavisa. Han fortel at han er nøgd med innsatsen på måndag, og at det ikkje kjem mange endringar blant dei som startar. Inge André Rabben er framleis skadd, Andreas Risøy har vore sjuk heile veka og Joakim Melingen ser seg nøydd til å prioritera eksamensførebuing.

– Austevoll må nok heva seg endå eit hakk før kampen, men me skal vera offensive og verkeleg gå for dei tre poenga, konstaterer trenaren. Midtbanespelar Alexander Dale har tru på laget, og meiner at dei med god jobbing som mot Odd og ved å vera kompalte vil syta for at Ålgård får det tøft.

Bortelaget

Frilansjournalist i Gjesdalbuen, Kjell Ove Sivertsen, meiner kampen i Austevoll er særs viktig for Ålgård.

– Tapar Ålgård i Austevoll, er dei eit botnlag. Vinn dei, viser dei at dei trass alt høyrer til i midtsjiktet, meiner Sivertsen. Trass i mager poengvår så langt, Ålgård ligg a poeng med dei oransje, har ikkje spelet vore heilgrått.

– Ålgård har spelt bra kampar, men blitt felt på dårleg konsentrasjon. Mot Notodden var dei klart beste i fyrsteomgongen, og kunne ha leia med meir enn 1-0. TIl slutt tapar dei 1-3, mellom anna ved å la motstandarane skyta umarkert frå 20 meter. Slik var det mot Mandalskameratane i cupen òg, der to mål over kontra inn av mandølittane i ekstraomgangane, seier Sivertsen.

Ålgårdforsvaret er unge og urutinerte. Sivertsen meiner at dei omtrent går heim og les o-faglekser etter treningane. Profilar er mellom andre fjorårets toppscorar Anders Ravndal (20) som har som mål å nå 20 scora andredivisjonsmål i 2011. Paul Ouyga (38) frå Kenya er bindeledd mellom midtbanen og spissane, og er betre trent enn på lenge. På midten er Bjørn Erik Taksdal dominerande.