mai 132011
 

I går vart Kaliber Industridesign tildelt den prestisjefulle grüderprisen Venture Cup Entreprenør på 100 000 kroner. Venture cup er ein nasjonal forretningsplankonkurranse for studentar, som vert delt ut for å stimulera til meir nyskaping og for å gje studentane ei praktisk innføring i entreprenørskap.
CEO Silje Rabben er godt nøgd med at verksemda hennar gjekk sigrande ut av konkurransen.
– Det var utrulig gjævt å vinna. Me har arbeidd veldig hardt for med forretningsplanen vår og korleis me skal marknadsføra produktet vårt. Konkurransen var hard, og sigeren gjev oss endå større tru på at me skal lukkast, seier gründeren. For tida held dei på med å optimalisera produktet sitt, MOSE, som er eit handheldt oljefjerningsverktøy. Det ferdige produktet vil etter planen bli lansert i slutten av 2011.