mai 142011
 

Etter å ha utlikna Ålgård sin særs fortente leiing, gjekk Austevoll på ein ny smell då Kenneth Monsen fem minutt på overtid fortent gav bortesiger med eit skot som via eit austevollsk bein gjekk i nóta.

Kurt Hovland utlikar til 1-1 med dette hovudstøyttet, men det skulle ikkje vera nok til eitt poeng for dei oransje.

AIK leverte trøysteslaus innsats i 77 minutt i dag. Ålgård dominerte storleg kampen, men klarte ikkje så leggja på til fleire mål etter at Andreas Ravndal tidleg hadde gitt dei 1-0 på famlete forsvarsspel av dei oransje.

Før AIK kom ajour, hadde bortelaget to avsluttingar i treverket, medan heimelaget framstod som plan- og viljelauselause i det offensive spelet. Trond Heggestad vart tidleg skadd etter ein duell med Bjørn Erik Taksdal, og spelte på halv maskin fram til puase, då han vart bytta med Frode Storebø.

Då AIK flytta fram Ørjan Haugland på spissplass med mindre enn eit kvarter att, vart det veg i vellinga. AIK skapte fleire sjansar og flytta opp laget. Noko ufortent utlikna Kurt Hovland leiinga med ein flott heada stuss frå corner.

I jakten på tre poeng på overtid, falt AIK på eige sverd. Kenneth Monsen sende i veg ein susar som via eit AIK-bein dukka ned bak dagens bestemann for Austevoll, Harald Østervold, som kanskje var noko feilplassert akkurat ved dette høvet.

AIKs lag (4-4-2): Harald Østervold – Øystein Storebø, Ørjan Haugland, Ansgar Kalvenes, Håvard Vassnes (Kristoffer Østervold 79)- Christian Møgster (Andreas Risøy 77) , Alexander Dale, Kurt Hovland, Thomas Haugland – Trond Heggestad (Frode Storebø 45), Tord Harald Skår
Gule kort: Håvard Vassnes, Øystein Storebø

Les børspoeng og meir om kampen i avisa på torsdag.