mai 192011
 


Bør Austevoll kraftlag gje 1,5 millionar kroner til fleirbrukshall på Selbjørn? Skal dei avskriva 8,5 millionar, eller krevja dei inn slik dei har rett til? Styreformann Reidar Vik vil ha diskusjon.

Austevoll kraftlag sitt årsrekneskap for 2010 er nokså kjekk lesing. Konsernet, inkludert fiberdelen, gjekk med eit overskot på 4,635 millionar kroner etter skatt. Reidar Vik er styreformann i konsernet, og er nøgd med utviklinga.
– Slik situasjonen er, hadde eg i utgangspunktet lyst å senda delar av overskotet attende til abonnentane. I staden vurderer me det slik at me gjev eit tilskot på 1,5 millionar kroner til den nye fleirbrukshallen på Selbjørn, seier Vik. Han legg til at styret er opne for å diskutera dette på generalforsamlinga om ei veke.
– Akkurat her er me i eit dilemma. Me vil jo slett ikkje tyna eigarane våre for kvar siste krone, seier Vik. Å tilbakeføra pengane til abonnentane, ville gitt kvar partandelseigar om lag 400 kroner mindre på den årlege straumrekninga.

Komplisert meir/mindreavgift
Austevoll kraftlag kan òg krevja abonnentane sine for 8,455 millionar kroner dei neste fire åra – i for lite innkrevd nettleige. Det er differansen mellom inntektsramma gjeve frå NVE og dei faktiske tariffinntektene, som gjev kraftlaget rett til å gjera dette. Her kan dei velja å avskriva beløpet når neste årsbudsjett skal lagast.
– Det kan godt vera slik at me burde ha sletta beløpet. Noko av grunnen er at regelverket er særs komplisert og at det er vanskeleg å berekna seg til.

Ingen pengebinge
Fibersatsinga, Lysglimt, gjekk òg med overskot i fjor. Totalt bidreg fiberen med 1,9 millionar kroner i driftsresultatkassa. Totalt var driftsresultatet i kraftlaget opp til 3,469 millionar. I 2009 gjekk kraftlaget med 1,9 millionar i minus. På finanssida gjekk konsernet med 2,2 millionar kroner i pluss, som resulterte i resultat før skatt på 5,688 millionar kroner.
– Sjølv om eg synest at konsernet går greitt no, må eg få understreka at me slett ikkje sit på noko stor pengebinge lenger. Det vart slutt etter at me gav pengar, mellom anna til Austevollbrua, avsluttar Reidar Vik.