mai 212011
 

Etter å ha vore i leiinga to gonger, gjekk Austevoll på eit sårt bortetap etter at Åsane fekk eit par gåvepakker på slutten.

Kamp nummer seks på tippekupongen vart aldri særlig velspelt. Til det var banen for dårleg, Åsane for direkte og Austevoll for sporadiske framover. Austevoll var gode bakover, med unntak av nokre blemmer med fatale følgjer, mens dei framover var farlegast på dødballar.

Leiiarmålet kom då og etter at eit hjørnespark frå høgre nådde Tord Harald Skår ute i feltet. Han dunka ballen mot mål der Trond Heggestad styrte ballen inn i nettmaskene.

Åsane utlikna før pause før Joakim Melingen sendte eit langskot lekkert oppunder tverrliggeren utanfor rekkevidda til målvakt Jørgen Mohus. Sjølv om Åsane hadde spelet, var det lenge mellom kvar gong dei skapte sjansar mot eit godt organisert Austevoll-forsvar.

Då var det fint å få gåvepakker. Fyrst fekk Joakim Hammersland stå heilt aleine på ti meter, så mista ein ellers solid Ansgar Kalvenes ballen innanfor sekstenmeteren før ein tverrsoverpassning vart snappa opp og kontra i mål.

Åsane-Austevoll 4-2 (1-1)

0-1 Trond Heggestad 28, 1-1 Vegard Leikvoll Moberg 36, 1-2 Joakim Melingen 51, 2-2 Joakim Hammersland 51, 3-2 Tommy Gaustad 67, 4-2 Tommy Gaustad 74

AIKs lag: Harald Østervold – Øystein Storebø, Andreas Risøy, Ansgar Kalvenes, Tord Harald Skår – Frode Storebø (Kristoffer Østervold frå 82), Aleksander Dale, Ørjan Haugland, Joakim Melingen (Adrian Hovland 82) – Kurt Hovland (Daniel Gall 78), Trond Heggestad