mai 252011
 

Therese gjekk vidare frå den europeiske delfinalen. Her gjekk ho til topps i den skandinaviske finalen i mars.


Therese Storebø Østervold har gått til topps i den europeiske delfinalen i den prestisjefylte bartenderkonkurransen World Class 2011. Som ein av åtte deltakarar er 28-åringen vidare til den store verdsfinalen i New Dehli, India. Ho var einaste kvinne med og stakk seg i tillegg ut som ein av dei mest underhaldande bartenderane i konkurransen. Finalen går av stabelen i byrjinga av juli.