mai 262011
 


Gamle naust må sjåast som næringsbygg, slik at ein kan sikra ny aktivitet og vilje til å ta vare på dei, meiner Austevoll og tre andre kommunar i Hordaland.

Saman med Sund, Bømlo og Radøy vil Austevoll kommune arbeida for at naust må definerast som næringsbygg, slik at eigarane kan få lov til å nytta dei til noko nytt, samstundes som eksteriøret vert teke vare på. Ordførar Helge André Njåstad søkjer etter engasjerte eigarar av gamle naust, som kan vera med i pilotprosjektet.
– Har du eit naust som du kan tenkja deg ny aktivitet i, eller berre har eit naust du ikkje veit kva du skal bruka til, er det berre å ta kontakt, oppfordrar Njåstad. Prosjektet treng tre-fire naust frå kvar kommune for å belysa problemstillinga betre.
Kollega i Sund, Ove Trellevik (H), meiner at det er ein sjølvsagt ting at naust må kunna nyttast til næring.
– Ein må kunna gjera noko med ei gamal, stor sjøbu utan å måtta gå igjennom ei enorm papirmølle, som kan fortona seg som eit mareritt for mange, seier Sund-ordføraren, og legg til mange store naust allereie har fått store skadar fordi det er for kostbart for vanlege lønsmottakarar å halda dei i stand, utan samstundes å få inntekter på dei.

Prestisje
– Me legg prestisje i dette, akkurat som då me engasjerte oss i strandsoneregelverket, seier Njåstad, som har hatt møte med kollegane sine i dei tre andre kommunane om prosjektet, og alle fire ordførarane er med i styringsgruppa for prosjektet.
– Kommunane står langt sterkare samla enn kvar for seg, seier Njåstad, som legg til at arbeidet kom i gang etter at fylkesmann Lars Sponheim la opp til ei utgreiing om ny bruk av driftsbygningar i landbruket for å sikra dei mot å stå til nedfalls.

Ny giv
Austevollordføraren og kollegane frå Sund, Bømlo og Radøy meiner at det er urimeleg at gamle næringsbygg på kysten skal stå til nedfalls, mens gamle fjøs og stallar i innlandet skal takast vare på.
– Me vil ha ein ny giv for sjøhuskulturen, og har søkt om prosjektmidlar. Fylkesmannen er òg inne i arbeidsgruppa. Frå etaten opplever me betre forståing no enn tidlegare, då eg synest at dei nærast hadde allergi mot aktivitet i strandsona, konstaterer Njåstad.
Njåstad fortel at kommunane sitt siktemål er at arbeidet skal munna ut i eit regelverk der kommunane saman med eigarane lettare kan koma framtidsretta bruk av gamle naust, der fasadane vert tekne vare på.