mai 272011
 

Austevoll formannskap heldt etter gamalt formannskapsmøte på Bakholmen i går, mellom fleire saker som skapte lokalpolitisk engasjement hos representantane var utdeling av kulturmidlar – Meiterkokk Ørjan Johannessen vart i tillegg tilgodesett med 100 000 kroner via næringsfomdsmidlar til Bocuse d’Or-satsinga si, noko som tilsynelatande falt Høgre og Julie Eide Solbakken tungt for brystet. Kvifor kan du lesa meir om i avisa neste veke.

Austevoll formannskap hadde møte på historisk grunn i går. Bakholmen var kommunesenter frå 1886 til 1963.

Desse fekk kulturmidlar i 2011:

KDV skulekorps: 10.000 kroner, Grendahuset Øytun 5.000 kroner, Bakkasund aktivitetspark 40.000 (via investeringsbudsjett, ikkje kulturmidlane), Ongdomsklubben 10.000 kroner, Storebø bedehus 5.000, Stolmen kyrkjekor 5.000, Drøna og Rostøy bygdelag 10.000, Austevoll musikkråd 10.000, Kystsogevekene i Bekkjarvik 20.000, Austevoll sykkelklubb 30.000, Eufonia 5.000, Havstril padleklubb 20.000, Revygruppa i Kolbeinsvik 5.000, Fritidsklubben NFU 5.000, Songgalleriet 5.000, Havfruene 5.000 og Austevoll idrettsråd til fordeling 60.000. I tillegg 100.000 over investeringsbudsjettet for å rusta opp anlegget ved Austevoll ungdomsskule/idrettsanlegg.